Toppfält: innehåll
Master Litterär gestaltning

Therese Bakkevol

Tallboy

T jobbar på eit psykiatrisksjukehus i Tromsø som mellom anna er bygd av vrakrestane frå Tripitz, verdas største slagskip, som blei senka rett utanfor Tromsø mot slutten av andre verdskrig. Tallboy var namnet på superbomba som senka tyskaranes flytande dødsmaskin. Ting høyrer saman. Dei som overlevde okkupasjonen høyrer saman med dei som ikkje gjorde det. Dei som går ut av døra på avdelinga om kvelden høyrer saman med dei som ikkje kan forlate. Dei som sank til botn høyrer saman med dei som svømmer på overflata. Dei som vil døy høyrer saman med dei som hindrar dei i å døy. Dei som tar i mot høyrer saman med dei som fell. Tallboy er ein romanen om einsemd, grenser og grenseoverskridingar, om krig og krigslengsel, om sjukdom, galskap og psykiatri. Og kanskje kjærleik.

Tallboy (utdrag) (pdf)